søndag 17. november 2013

Barokk, burlesk, postmoderne om Kjartan Fløgstad og novella «Riksvegen vestover»


Barokk, burlesk, postmoderne om Kjartan Fløgstad og novella «Riksvegen vestover»

Kjartan Fløgstad er fødd 7. juni 1944 i Sauda. Han er vestlending, nærmare bestemt ein person frå Rogaland. Fløgstad har studert litteratur og språkvitskap. Han skriv mykje om sjøfolk og industri, ettersom han har jobba som sjømann og industriarbeidar. Han skriv også mykje retta mot plassen og miljøet han ble fødd i. Alle tekstane hans er skrivne på nynorsk.

Kjartan begynte å skrive ved 20 års alderen, på 1960 talet. Han begynte å skrive dikt og debuterte som lyrikar med diktsamlinga «Valfart» i 1968. Han hadde interesse for spanske, franske og italienske forfattarane frå barokken og fram til i dag. Dette kan man tydeleg sjå i diktsamlinga «Seremoniar». Han var oppteken av forfattarane som skrev uttrykksfullt, noko som er typisk for barokken. I romanen «Kron og mynt» finn ein fantastiske tolkingar av barokk kyrkjekunst.

Fløgstad har å skrive mange dikt, og rundt omkring i hans i hans forfattarskap finn ein lause dikt inn fletta, ofte med tydeleg slektskap til visetradisjonane. I 1993 samla han heile sin poetiske produksjon i «Dikt og spelemannsmusikk» 1968-1993.

Da han gjekk over til å skrive noveller og romanar skreiv han om bakgrunnen sin. Han skrev om industriarbeidarane frå Vestlandet og om det eksotiske utland. Han hadde sjølv erfaring frå både Latinamerika og andre framande kontinent. I hans roman «Den hemmelege jubel» kan vi lese om sjømannens- og industriarbeidarens kvardag. I 1978 vant han Nordisk Råds Litteraturpris med romanen «Dalen Portland». Han viste at romanar kunne skrivast på ein heilt ny måte med ein heilt ny stil.

Fløgstad har gitt ut 6 romanar etter «Dalen Portland». Han er ein teoretisk og filosofisk forfattar. Han skildrar dei økonomiske og sosiale overgangane frå eit jordbrukssamfunn til eit industrisamfunn, og eit industrisamfunn til eit postindustrielt samfunn. Han er inspirert av den russiske filosofen og romanteoretikaren Mikhail Bakhtin.

Kjartan Fløgstad er også ein flink og velskrivande essayist. Han har gitt ut fem essaysamlingar, og dei har alle spilt ein viktig rolle i den norske kulturkritikken. Han skriv her varmt om Latinamerika og om solidaritet til dei nordmenn som utvandra til Argentina.

Novella «Riksvegen vestover» er henta frå novellesamlinga «Fangliner», som ble utgitt i 1972. Novella varar over ein dag og ein kveld. Han handlar om ein sjømann som går i land på kaia i Oslo. Han vil ta ein drosje frå byen, og opp til Sauda der kjærasten hans bor. Drosjesjåføren skal få 500 kroner ekstra om han kjem fram før klokka halv elleve, fordi da stenger ølsalet. Novella sluttar med at drosjesjåføren blir med kjærasten til sjømannen på eit hotellrom.                                Dette viser at Fløgstad skriv om sin egen oppvekst og heimstad. Navnet på novella «Riksvegen vestover» symboliserer jo lenger vest du kjem, jo lenger inn i den ville vesten kjem taxisjåføren.

Drosjesjåføren læs boka om Morgan Kane undervegs på turen. Han lever seg inn i historia og trur til slutt han er Morgan Kane, ein ekte vesten helt. Dette viser også at forfattaren er inspirert av Morgan Kane.
Kjartan Fløgstad er nåtidas postmodernist. Fellestrekk i postmodernismens litteratur kjenneteiknas av ein sterk vilje til å eksperimentere med språket. Ho stiller spørsmål ved forhold mellom tekst og verkelegheit. Forfattaren står fritt til å skrive akkurat slik han vil. Språket i tekstene er ofte preget av en minimalistisk stil, med ei komisk og ironisk undertone. Stilblanding er eit hyppig brukt verkemedel der forfattaren kan trekka inn skrivemåtar frå ulike epokar. Humor og ironi er også viktige verkemedel.

Novella «Riksvegen vestover» har helt tydelege postmoderniske trekk.     I novella «Riksvegen vestover» kjem det tydelig fram at han blandar verkelegheit og fantasi. Drosjesjåføren lever både i ein fantasiverden der han er Morgan Kane, og i nåtida som drosjesjåfør. Den er skriven i «eg person». Kjartan Fløgstad eksperimenterer med språket. Han brukar «cowboy språk». Ekseplar på detta er «revolver» og «ein raud og stor ettermiddagssol». Fløgstad drar også inn andre tekster inn i novella; «Det hadde nett tatt til å skumra, og Morgan Kane var på veg frå Benson Hotel og over til Golden Circel Saloon for å spørja etter Carajo Adams, da han kom ut på trappa til kafeen». Novella har også ein burlesk stil. Ho har ein komisk og ironisk undertone. Drosjesjåføren blir framstilt litt humoristisk. Her er et anna eksempel på humoren i novella.

“Do you speak English, then?                                                                  Yes, a little, svarte dama.                                                                      But how much? Sa eg.                                                                          Five dollars, svara ho”.

Eg synes at Kjartan Fløgstad skriv mykje bra. Han skriv rett frå levra. Med det meiner eg at har ikkje bruker mange fremmendord, eller ord som er vanskeleg å forstå. Litt uvant at har drar inn ting frå andre bøker. Eg måtte lesa den nokon gonger før eg forstod samanhengen. Eg forstår meir no, når eg veit litt meir om forfattaren og postmodernismen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar